27. januar 2011

Arnulf Rainer

På trisdag (25.01) var fotogruppa på kunstutstilling i Stavanger kunstmuseum, for å sjå utslillinga av bileta til den austeriske kunstnaren Arnulf Rainer. Han jobba med mange ulike teknikkar og stilar, (nedanfor kan du lesa om og sjå noko av dei).

På bildet ovanfor har Rainer eksprimentert med blindeteikning. Når ein ser bildet på nært hald kan ein sjå sterke prikkar der han har satt ned blyanten på papiret, og dratt den ut i vannrette linjer. På bildet ved sida har Rainer jobba med finger maling. Her har han nermast gjort det sama som med teikninga, han har plassert hendene oppe i hjørna, og dratt malingen ned mot midten av bildet.

Dette bildet er av Arnulf Rainer sjølv. Her har han tatt portrett, teikna over og skjært i bildet med kniv. Han har mange bilde der han har jobba slik, med portrett av seg sjølv og andre, av berre andletet eller heile kroppen.

Me fekk gjer det sama, og ovanfor ser du resultatet av mitt portrett med olje stifter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar