Viser innlegg med etiketten Illustrasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Illustrasjon. Vis alle innlegg

22. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 3

Idag har me arbeida med å setta saman tekst og foto i InDesign. Eg har valgt å bruka diktet "Lovsang til sansene" saman med eit bilde av augo til Marie. Eg har brukt formatet A3 x 2, og valgt å plassera diktet på høgre og bildet på venstre side. Dette fordi ein ser høgre side med diktet fyrst, og deretter bildet, og at ein ser samanhengen mellom desse betre.

Eg har brukt fonten Times i skriftstørrelse 18. Dette fordi eg syns Times er ein fin og enkel skrift, som gjer det heile litt meir elegant. Eg har valgt å plassera diktet nærmast i midten, med like mykje luft oppe, nede og på sida til venstre. Bildet er utfallande med meir luft under enn over. Eg har også redigert bildet svartkvit i photoshop, og endra på kontrastane.




17. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 2

Idag har me jobba vidare med bilda, og lært å laga bilde svartkvit i photoshop, med farga område. 

For å gjera bilde svartkvit må eg gå inn på "Gradient map..." i Image. Viss ein forbedra bildet gå inn på "Curves.." og justera på kontrastane i bildet. For å få eit (eller fleire) farga område, må ein laga "layer mask", og velga penselen i verktøykassa til venstre. 









15. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 1

Me fekk i læringsoppdrag å illustrera og tolka dikt ved hjelp av fotoapperat. Eg valgte å illustrera til diktet "Lovsang til sansene", der eg har teke bilde av tre av dei fem sansane.

På dette bilde har eg illustrert sansen høysel, der eg har teke bilde av ein cornet.
Lukker: 1/60, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/9,0

På dette bilde har eg illustrert sansen smak, der eg har teke bilde av ein vannbakkel på eit fat.
Lukker: 1/160, ISO-hastighet: 100, Blenderåpning: f/8,0

På dette bilde har eg illustrert sansen syn, der eg har teke bilde av augo til Vilde.
Lukker: 1/100, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/5,6