Idag har me arbeida med å setta saman tekst og foto i InDesign. Eg har valgt å bruka diktet "Lovsang til sansene" saman med eit bilde av augo til Marie. Eg har brukt formatet A3 x 2, og valgt å plassera diktet på høgre og bildet på venstre side. Dette fordi ein ser høgre side med diktet fyrst, og deretter bildet, og at ein ser samanhengen mellom desse betre.
Eg har brukt fonten Times i skriftstørrelse 18. Dette fordi eg syns Times er ein fin og enkel skrift, som gjer det heile litt meir elegant. Eg har valgt å plassera diktet nærmast i midten, med like mykje luft oppe, nede og på sida til venstre. Bildet er utfallande med meir luft under enn over. Eg har også redigert bildet svartkvit i photoshop, og endra på kontrastane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar