Idag har me lært å retusjera bilde i Photoshop. Ein brukar Spot Healing Brush Tool for å gjera huda rein eller fjerna kviser. Me har lysa augo med å bruka Dodge Tool, og mørkna med Burn Tool. For å få Overlay eller Soft Light (som gjer kontrastane sterkare og lyset kaldare) på bilde må ein lage nytt Layer, gå på Channel og velga green, deretter trykka cmd C, velga det nye Layeret og trykka cmd V, også velga Overlay. Ein kan justera på dekkevna ved å trykka på Opactiy.
Nedanfor har eg redigert eit bilete av Gerd Marie.
24. mars 2011
22. mars 2011
Portrett
Portrett, bilde, skulptur, intrejuv eller ei anna skildring som søkjer å gi likhet, tolke, karaktarisera ein person. Å ta gode portretter handlar ikkje berre om å ta bilde, men også det å få fram personen sine særtrekk på ein beskrivande måte.

Idé: Idéen var å ta bilde av Vilde i fugleperspektiv slik at lyset blei reflektert i brillene.
Lys: Lyset kjem ovante og blir reflektert i brillene, bildet er teke inne i skuret ved skulen.
Idé: Ideén var å ta eit naturleg bilde av Vilde.
Lys: Lyset kjem ovante og frå sida, bildet er teke inne i skuret ved skulen.
Idé: Idéen var å ta bilde av Vilde i sitt rette element, og å framheva dobbelhaka med å ta bilde i froskeperspektiv.
Lys: Lyset kjem ovante og blir reflektert i brillene, bildet er teke ute.
Idé: Idéen var å ta eit naturleg og nøytralt bilde av Vilde.
Lys: Lyset kjem frå venstre.
17. mars 2011
Fem kategorier: dyr og blomster
![]() |
| AV: f/13,0, ISO: 1600, TV: 1/60 |
Bildet er av ein katt som ligg og ser opp mot lyset. Det er stor kontrast mellom mørkt og lyst. Nesen og siluetten av andletet til katten dannar skrålinjer, som skapar spenning i bildet. Eg har hatt stor belnderåpning slik at heile andletet til katten vart skarpt. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.
![]() |
| AV: f/5,6, ISO: 200, TV: 1/125 |
Bildet er av ei halvvegs vissen rose. Rosa er i interessepunktet, og stilken til rosa dannar ei skrålinje. Eg har teke bildet med stor blenderåpning slik at rosa kjem i fokus, og resten vert uklart. Eg har redigert skarpheten og fargen i Bridge. Dette for å få eit dusare utrykk. Eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.
![]() |
| Original bilde |
![]() |
| AV: f/6,3, ISO: 200, TV: 1/60 |
Bildet er av ein fugl i eit fuglehus. Fuglen og botnen på fuglehuset er i det gyldne snitt. Pinnane på fuglehuset danner skrålinjer som skapar spenning i bildet. Det er gjentaking i bildet, og det er store kontrastar mellom den skarpe, mørke framgrunnen, og den duse, lyse bakgrunnen. Eg har redigert kontrastane og skarpheita i bildet i Bridge. Eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.
![]() |
| Original bilde |
Beste bilde
![]() |
| AV: f/8,0, ISO: 800, TV: 1/125 |
Fem kategorier: Komposisjon
![]() |
| AV: f/18,0, ISO: 400, TV: 1/30 |
![]() |
| Original bildet |
Fem kategorier: Refleksjon
![]() |
| AV: f/5,6, ISO: 1600, TV: 1/4 |
![]() |
| AV: f/5,0, ISO: 800, TV: 1/50 |
Fem kategorier: Lys
![]() |
| AV:f/10,0, ISO: 1600, TV: 1/100 |
![]() |
| AV: f/5,6, ISO: 200, TV: 1/15 |
Fem kategorier: Vann
![]() |
| AV: f/11,0, ISO: 100, TV: 1/60 |
1. mars 2011
Blenderåpning
Idag har me lært om blenderåpning. Dette er med på å bestemma lyset i bildet, og kor stor del av bildet som skal vera skarpt. Med stor blenderåpning blir den delen/ objektet kameraet forkuserar på skarpt, medan det andre blir uklart. Med liten blenderåpning blir heile bildet klart. Ein slepp inn meir lys når ein har stor blenderåpning, og lukkertida blir lengre med kort blenderåpning. På kameraet er blenderåpning; AV (Aperture Value). Eg jobba med Vilde V. og me har teke bilde med ulik blenderåpning inne og ute. Bilda nedanfor er teke inne.
Blenderåpning: f/7,1
Blenderåpning: f/22,0
22. februar 2011
Illustrasjon og grafisk design del 3
Idag har me arbeida med å setta saman tekst og foto i InDesign. Eg har valgt å bruka diktet "Lovsang til sansene" saman med eit bilde av augo til Marie. Eg har brukt formatet A3 x 2, og valgt å plassera diktet på høgre og bildet på venstre side. Dette fordi ein ser høgre side med diktet fyrst, og deretter bildet, og at ein ser samanhengen mellom desse betre.
Eg har brukt fonten Times i skriftstørrelse 18. Dette fordi eg syns Times er ein fin og enkel skrift, som gjer det heile litt meir elegant. Eg har valgt å plassera diktet nærmast i midten, med like mykje luft oppe, nede og på sida til venstre. Bildet er utfallande med meir luft under enn over. Eg har også redigert bildet svartkvit i photoshop, og endra på kontrastane.
Eg har brukt fonten Times i skriftstørrelse 18. Dette fordi eg syns Times er ein fin og enkel skrift, som gjer det heile litt meir elegant. Eg har valgt å plassera diktet nærmast i midten, med like mykje luft oppe, nede og på sida til venstre. Bildet er utfallande med meir luft under enn over. Eg har også redigert bildet svartkvit i photoshop, og endra på kontrastane.
17. februar 2011
Illustrasjon og grafisk design del 2
Idag har me jobba vidare med bilda, og lært å laga bilde svartkvit i photoshop, med farga område.
For å gjera bilde svartkvit må eg gå inn på "Gradient map..." i Image. Viss ein forbedra bildet gå inn på "Curves.." og justera på kontrastane i bildet. For å få eit (eller fleire) farga område, må ein laga "layer mask", og velga penselen i verktøykassa til venstre.
15. februar 2011
Illustrasjon og grafisk design del 1
Me fekk i læringsoppdrag å illustrera og tolka dikt ved hjelp av fotoapperat. Eg valgte å illustrera til diktet "Lovsang til sansene", der eg har teke bilde av tre av dei fem sansane.
Lukker: 1/60, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/9,0
På dette bilde har eg illustrert sansen smak, der eg har teke bilde av ein vannbakkel på eit fat.
Lukker: 1/160, ISO-hastighet: 100, Blenderåpning: f/8,0
På dette bilde har eg illustrert sansen syn, der eg har teke bilde av augo til Vilde.
Lukker: 1/100, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/5,6
10. februar 2011
ISO
Idag har me lært korleis ISO som lukkertid bestemmer lyset i bildet. Når ISO-hastigheita er "låg" slepp kameraet inn lite lys, og når den er "høg" slepp den inn meir.
Lukkertid: 1/60sek., ISO: 800
Lukkertid: 1/60 sek., ISO: 1600
Koppdekor
Me har no lært å laga animasjonar i Photoshop. Ovanfor kan du sjå ein animasjon av koppen min. Dei andre koppane finn du her.
8. februar 2011
Lukkertid
I dag har me lært om lukkertid. Korleis ein viser bevegelser når ein har lang lukkertid, og fanger dei når ein har kort. På kameraet er lukkertid; TV (Time Value) eller S (Shutterspeed). Nedanfor har me teke bilde med ulik lukkertid.
Lukkertid: 6 sek.
Lukkertid: 6 sek.
Lukkertid: 1/100 sek.
Lukkertid: 1/200 sek.
Lukkertid: 1/200 sek.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







































