27. januar 2011

Arnulf Rainer

På trisdag (25.01) var fotogruppa på kunstutstilling i Stavanger kunstmuseum, for å sjå utslillinga av bileta til den austeriske kunstnaren Arnulf Rainer. Han jobba med mange ulike teknikkar og stilar, (nedanfor kan du lesa om og sjå noko av dei).

På bildet ovanfor har Rainer eksprimentert med blindeteikning. Når ein ser bildet på nært hald kan ein sjå sterke prikkar der han har satt ned blyanten på papiret, og dratt den ut i vannrette linjer. På bildet ved sida har Rainer jobba med finger maling. Her har han nermast gjort det sama som med teikninga, han har plassert hendene oppe i hjørna, og dratt malingen ned mot midten av bildet.

Dette bildet er av Arnulf Rainer sjølv. Her har han tatt portrett, teikna over og skjært i bildet med kniv. Han har mange bilde der han har jobba slik, med portrett av seg sjølv og andre, av berre andletet eller heile kroppen.

Me fekk gjer det sama, og ovanfor ser du resultatet av mitt portrett med olje stifter.

20. januar 2011

Vågen vgs.

Vårt fyrste læringsoppdrag var å ta blide av skulen, vågen vgs., med vekt på utsnitt, lys, komposisjon og detaljer. Me skulle ta minst 50 bilder.


Det fyrste bildet er av eit dørhandtak, der eg stod på innsida. Her har eg tenkt på detaljene som vanndråpane, og lyset som blir reflektert frå glaset i døra.


Det andre bildet er av kaffe på eit bord. Eg likar korleis blitsen frå kameraet blir reflektert tilbake på kaffen. På bildet har eg fokusert mest på nyansane og lyset i kaffen.


I det siste bildet har eg valgt å fokusera på komposisjon og lys. Kontrasten mellom den tjukke klare "stolpen" og den mindre, meir uklare "stolpen", syns eg er interessant. Bildet er av eit bord og to "stolpar".

18. januar 2011

Velkommen til min fotoblogg

Dette er ein fagblogg eg har laga, som eg vil bruka til å dokumentera arbeidet og utviklilnga mi i faget tykk og foto.