22. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 3

Idag har me arbeida med å setta saman tekst og foto i InDesign. Eg har valgt å bruka diktet "Lovsang til sansene" saman med eit bilde av augo til Marie. Eg har brukt formatet A3 x 2, og valgt å plassera diktet på høgre og bildet på venstre side. Dette fordi ein ser høgre side med diktet fyrst, og deretter bildet, og at ein ser samanhengen mellom desse betre.

Eg har brukt fonten Times i skriftstørrelse 18. Dette fordi eg syns Times er ein fin og enkel skrift, som gjer det heile litt meir elegant. Eg har valgt å plassera diktet nærmast i midten, med like mykje luft oppe, nede og på sida til venstre. Bildet er utfallande med meir luft under enn over. Eg har også redigert bildet svartkvit i photoshop, og endra på kontrastane.




17. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 2

Idag har me jobba vidare med bilda, og lært å laga bilde svartkvit i photoshop, med farga område. 

For å gjera bilde svartkvit må eg gå inn på "Gradient map..." i Image. Viss ein forbedra bildet gå inn på "Curves.." og justera på kontrastane i bildet. For å få eit (eller fleire) farga område, må ein laga "layer mask", og velga penselen i verktøykassa til venstre. 









15. februar 2011

Illustrasjon og grafisk design del 1

Me fekk i læringsoppdrag å illustrera og tolka dikt ved hjelp av fotoapperat. Eg valgte å illustrera til diktet "Lovsang til sansene", der eg har teke bilde av tre av dei fem sansane.

På dette bilde har eg illustrert sansen høysel, der eg har teke bilde av ein cornet.
Lukker: 1/60, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/9,0

På dette bilde har eg illustrert sansen smak, der eg har teke bilde av ein vannbakkel på eit fat.
Lukker: 1/160, ISO-hastighet: 100, Blenderåpning: f/8,0

På dette bilde har eg illustrert sansen syn, der eg har teke bilde av augo til Vilde.
Lukker: 1/100, ISO-hastighet: 800, Blenderåpning: f/5,6

10. februar 2011

ISO

Idag har me lært korleis ISO som lukkertid bestemmer lyset i bildet. Når ISO-hastigheita er "låg" slepp kameraet inn lite lys, og når den er "høg" slepp den inn meir.

Lukkertid: 1/60 sek., ISO: 200

 Lukkertid: 1/60sek., ISO: 800

Lukkertid: 1/60 sek., ISO: 1600

Koppdekor

Image and video hosting by TinyPic
Me har no lært å laga animasjonar i Photoshop. Ovanfor kan du sjå ein animasjon av koppen min. Dei andre koppane finn du her.

8. februar 2011

Lukkertid

I dag har me lært om lukkertid. Korleis ein viser bevegelser når ein har lang lukkertid, og fanger dei når ein har kort. På kameraet er lukkertid; TV (Time Value) eller S (Shutterspeed). Nedanfor har me teke bilde med ulik lukkertid.


Lukkertid: 6 sek.


Lukkertid: 6 sek.


Lukkertid: 1/100 sek.


Lukkertid: 1/200 sek.


Lukkertid: 1/200 sek.