31. mars 2011

Svartkvit portrett

Idag har me arbeida med å redigera portrett svartkvit i photoshop. Ein må fyrst velga "gradient map" i "image", og deretter enda kontrastane i "Curves". Me har og besjært bilda med "Crop tool", for å gjera dei meir dramatiske.

Original Bilde 
Redigert bilde

Original bilde

Redigert bilde

Reflektor

Idag har me lært å bruka reflektor. Ein bruker reflektor for å reflekera og kontrollera lyset. Med ein gullreflektor reflekterar det varme lyset, medan ein sølvreflektor reflekterar det kalde. Ein kan også bruka filter, som fordelar lyset og får ikkje klare, harde skyggar.

Gullreflektor:
Utan

Med
Sølvreflektor:
Utan

Med
Filter:
Med

Utan

24. mars 2011

Retusjering

Idag har me lært å retusjera bilde i Photoshop. Ein brukar Spot Healing Brush Tool for å gjera huda rein eller fjerna kviser. Me har lysa augo med å bruka Dodge Tool, og mørkna med Burn Tool. For å få Overlay eller Soft Light (som gjer kontrastane sterkare og lyset kaldare) på bilde må ein lage nytt Layer, gå på Channel og velga green, deretter trykka cmd C, velga det nye Layeret og trykka cmd V, også velga Overlay. Ein kan justera på dekkevna ved å trykka på Opactiy.
Nedanfor har eg redigert eit bilete av Gerd Marie.

22. mars 2011

Portrett

Portrett, bilde, skulptur, intrejuv eller ei anna skildring som søkjer å gi likhet, tolke, karaktarisera ein person. Å ta gode portretter handlar ikkje berre om å ta bilde, men også det å få fram personen sine særtrekk på ein beskrivande måte.

Idé: Idéen var å ta bilde av Vilde i fugleperspektiv slik at lyset blei reflektert i brillene.
Lys: Lyset kjem ovante og blir reflektert i brillene, bildet er teke inne i skuret ved skulen.

Idé: Ideén var å ta eit naturleg bilde av Vilde.
Lys: Lyset kjem ovante og frå sida, bildet er teke inne i skuret ved skulen.
Idé: Idéen var å ta bilde av Vilde i sitt rette element, og å framheva dobbelhaka med å ta bilde i froskeperspektiv.
Lys: Lyset kjem ovante og blir reflektert i brillene, bildet er teke ute.
Idé: Idéen var å ta eit naturleg og nøytralt bilde av Vilde.
Lys: Lyset kjem frå venstre.

17. mars 2011

Fem kategorier: dyr og blomster


AV: f/13,0, ISO: 1600, TV: 1/60











Bildet er av ein katt som ligg og ser opp mot lyset. Det er stor kontrast mellom mørkt og lyst. Nesen og siluetten av andletet til katten dannar skrålinjer, som skapar spenning i bildet. Eg har hatt stor belnderåpning slik at heile andletet til katten vart skarpt. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

AV: f/5,6, ISO: 200, TV: 1/125
Bildet er av ei halvvegs vissen rose. Rosa er i interessepunktet, og stilken til rosa dannar ei skrålinje. Eg har teke bildet med stor blenderåpning slik at rosa kjem i fokus, og resten vert uklart. Eg har redigert skarpheten og fargen i Bridge. Dette for å få eit dusare utrykk. Eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Original bilde

AV: f/6,3, ISO: 200, TV: 1/60
Bildet er av ein fugl i eit fuglehus. Fuglen og botnen på fuglehuset er i det gyldne snitt. Pinnane på fuglehuset danner skrålinjer som skapar spenning i bildet. Det er gjentaking i bildet, og det er store kontrastar mellom den skarpe, mørke framgrunnen, og den duse, lyse bakgrunnen. Eg har redigert kontrastane og skarpheita i bildet i Bridge. Eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Original bilde

Beste bilde

AV: f/8,0, ISO: 800, TV: 1/125
Bildet er av strå og setinar i vatnet. Det er teke utanfor Sandtangen på Bryne. Det største steinen kjem i interessepunktet, og auga følgjer vidare dei andre steinane. Stråa i vatnet danner skrålinjer, som skapar spenning i bildet. Det er gjentaking av steinane og strå i bildet skapar rytme. Det er kontrastar mellom dei mørke steinane og det lyse vatnet. Eg liker at bildet i utgangspunktet er veldig enkelt, og i grunnen kjedelig, men at komposisjonen og utsnittet gjer det interessant. Bildet er ikkje redigert, og det er teke med Canon EOS 450D.

Fem kategorier: Komposisjon

AV: f/18,0, ISO: 400, TV: 1/30
Bildet er teke utanfor Sandtangen på Bryne, og er av eit tre. Treet er i interessetpunktet som treff det gyldne snitt, og horisontallinja deler bakgrunnen i forholdet til det gyldne snitt. Ein roleg bakgrunn framhevar treet. Eg har stor blender og lang lukkertid slik at heile bildet er skarpt. Eg har auka kontrastane litt, og lysna bildet. Bildet har eg redigert i Bridge, og kameraet eg brukte er Canon EOS 450D.

Original bildet

Fem kategorier: Refleksjon

AV: f/5,6, ISO: 1600, TV: 1/4
Bildet er av klokke-smykket mitt, som eg har hengt foran spegelen. Refleksjonen av smykke skapar gjentagelse i bildet. Refleksjonen av lysa frå byen utanfor er bokeh pga. ute av fokus, og dette igjen skapar ro i bildet. Det er også lys-mørk kontrast. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

AV: f/5,0, ISO: 800, TV: 1/50
Bildet er av ein bamse som reflekterar seg i ein spegel. Det er gjentagelse i bildet, og hovudet til basmen er i interessepunktet. Eg har brukt stor blenderåpning slik at refleksjonen av bamsen kjem i fokus. At bamsen overlappar refleksjonen skapar rom i bildet. Siluetten av armane til bamsen i spegelen lagar skrålinjer. Lyset kjem frå venstre og dete kan ein sjå i andletet til bamsen. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Fem kategorier: Lys

AV:f/10,0,  ISO: 1600,  TV: 1/100
Blidet er av vekubbar og ild, i peisen. Vekubbene lagar skrålinjer, og det er store kontrastar mellom lyst og mørkt. Den eine kubben kjem i det gyldne snitt og auge følgjer derfor denne kubben. Eg likar bevegelsen i dei lyse flammane mot dei mørke harde vekubbane. Eg har brukt høg ISO og lukkertid for å fanga beveglesen og lyset. Blenderåpninger er stor og derfor er delar av vekubbane skarpe. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.


AV: f/5,6, ISO: 200, TV: 1/15
Bildet er av lyset i himmelen med fjell og tre i forgrunnen. Horisonta er i det gylnesnitt og steinen i interessepunkte og auga dras defor mot lyset. Det er kontrastar mellom den lyse bakrunnen og den mørke forgrunnen og dette skapar rom i bildet. Lukkertida eg låg slik at fargane og detaljane i lyset vart fanga i bildet. Bildet er ikkje redigert, og kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Fem kategorier: Vann

AV: f/11,0, ISO: 100, TV: 1/60
Her har eg teke bildet av snø som ligg over strå og smeltar. Vanndråpa har eg plassert i det gyldne snitt slik at det blir motivet. Stråa lagar skrålinjer, som igjen lagar meir spenning i bildet. Eg har hatt stor blenderåpning slik at vanndråpa blir skarpare enn resten. Det var nokså sterkt lys, og derfor kunne eg har blenderen større enn "normalt" (slik at større del av bildet vart skarpt) utan at bildet vart mørkt. Bildet er ikkje redigert. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

1. mars 2011

Blenderåpning

Idag har me lært om blenderåpning. Dette er med på å bestemma lyset i bildet, og kor stor del av bildet som skal vera skarpt. Med stor blenderåpning blir den delen/ objektet kameraet forkuserar på skarpt, medan det andre blir uklart. Med liten blenderåpning blir heile bildet klart. Ein slepp inn meir lys når ein har stor blenderåpning, og lukkertida blir lengre med kort blenderåpning. På kameraet er blenderåpning; AV (Aperture Value). Eg jobba med Vilde V. og me har teke bilde med ulik blenderåpning inne og ute. Bilda nedanfor er teke inne.

 Blenderåpning: f/3,5

 Blenderåpning: f/7,1

Blenderåpning: f/22,0