26. mai 2011

Sluttinnlegg

Dette er det siste innlegget frå meg i fagte foto. Foto har vore eit kjekt fag, eg har lært mykje og har mykje å ta med meg vidare. 

Takk for meg!


24. mai 2011

Oppsummering av faget Foto

Foto: Eg syns foto er eit kjekt fag. Det har vore kjekt å læra seg å bruka kamerat, som ein får god bruk for. Me har lært å redigera i photoshop, iPhoto og Bridge, noko som kjem godt med når ein kjenner mange linselus. Me har lært om komposisjon for å få betre bilete, og å få fram det uttrykket ein vil ha. 


Blogging: Det å bruka blogg som "arbeidsbok" er ein god arbeidsmetode. Me lærar om blogg og korleis ein bloggar, og eg har lært at layout spelar ein viktig rolle i blogging og i forhold til foto. Sidan det er fotoa som skal vera i fokus er det best med ein ein enkel layout som ikkje forstyrrer bileta.


Arbeidsmetoder: Me har brukt mange ulike arbeidsmetodar i faget foto. Me har teke bilde sjølv, redigert bilde, vore på ekskursjonar, og hatt undervisning.

Bokomslag Layout

Nedanfor er det bokomslaget eg valgte. Bokomslaget er er til ein kjærleiks-roman, ikkje ein typisk kjærleiks-roman, men ein trist og mystisk roman. Bilete er av ein vissen blomst som forsterkar dette uttrykket. Dette var ei videre utvikling av andre forslag, der eg brukte den typografien eg var mest fornøgd med og det bilete eg likte best. Eg liker godt uttrykket i bildet saman med typografien som gjer eit litt trist og mystisk men roleg uttrykk. "Blomsten" er i det gyldne snitt, og det er stor kontrast mellom den og bakgrunnen. Typografien eg har valgt er Goudy Old Style, det er ei fin, stram antikva-skrift med seriffar. Eg har brukt bagrunnsfargen frå bilete som bakrunnsfarge på bokomstaget, dette blir meir heilheitleg.



Her er nokre andre forslag:


28. april 2011

Fem kategorier: Beste bilde


























Eg likte godt uttrykket, komposisjonen og kontrastane i dette bildet, og det er derfor mitt beste bilde.

Fem kategorier: Portrett


Lukker: 1/100, Blender: f/5,6, ISO: 200
Ideen var å ta eit naturleg bilde av Gerd Marie i naturen. Eg likar at vinden er sterk og bles i håret og lagar spenning i bildet, sidan bildet i utgangspunktet har eit roleg uttrykk. Hovudet hennar er plassert i det gyldne snitt. Lyset er mjukt og lagar ingen klare skuggar i andletet hennar. Bildet er ikkje redigert, og eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Lukker: 1/80, Blender: f/18,0, ISO: 100


Ideen med bildet var eit utradisjonelt portrett der særtrekk ved personen kjem fram, her at mormor likar kaffi. Lyset er sterkt, kjem frå venstre og lagar stor kontrastar i bildet. Auga er plassert i det gyldne snitt. Eg har redigert bildet svartkvit, og redigert auga lysare med ”dodge tool” i photoshop. Eg har lært at ikkje alle er like komfortable framfor kamera, og at det kan hjelpe å ta bilde når personen ikkje er heilt forberedt på det. 

Originalt bilde


Fem kategorier: Blender/Lukker

Lukker: 1/60, Blender: f/6,3, ISO: 100


Ideen var å ta blide med stor blenderåpning der piggtråden er veldig skarp nært, og alt blir mindre og mindre skarp lengre ut i bildet. Piggtråden lagar ei skrålinje som lagar spenning i bildet. Den næraste ”piggen” er plassert i det gyldne snitt. Eg har auka kontrastane i bildet, for å skapa meir spenning og for å få fram det harde uttrykket betre. Lyset i bildet er mjukt og kaldt. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Lukker: 1/60, Blender: f/7,2, ISO: 200

Ideen var også på dette bildet å ta blide med stor blenderåpning slik at knoppane kjem tydeleg fram. Greinene i bakgrunnen lagar skrålinjer som lagar spenning i bildet. Greina med knoppane er plassert i det gyldne snitt. Lyset var i utgangspunktet veldig mjukt og dust. Eg redigerte litt på kontrastane i Bridge for å gjera bildet meir spanande. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Fem kategorier: Vår


Lukker: 1/60, Blender: f/22,0, ISO: 100


Hestehov er eit tydeleg teikn på vår. Ideen i bildet var å visa hestehoven i gras som ennå ikkje er grønt, der ein kan sjå at det snart er vår. Det er stor kontrast mellom det visne graset og den klare, gule hestehoven. Hestehoven er plassert i det gyldne snitt, og auga blir dradd mot den. Lyset er sterkt og laga skuggar i graset. Ein kan sjå at lyset kjem ovan ifrå med at stilken til hestehoven er mørkt. Eg har redigert litt på lyset i bildet slik at ”blomster-blada” skal bli meir markerte. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Lukker: 1/80, Blender: f/13,0, ISO: 100

Ideen med bildet var å ta bilde av nyutsprungne blad på eit tre. Eg har brukt stor blenderåpning slik at blada skulle bli tydelegare. Det er plassert i det gyldne snitt, og greina lagar skrålinjer. Det er stor kontrast mellom lys og mørk. Lyset er sterkt og lagar skuggar i blada. Eg har beskjært bildet slik at blada kjem i det gyldne snitt. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Fem kategorier: Sykkel


Lukker: 1/60, Blender: f/11,0, ISO: 100


Ideen med bildet var å ta eit utradisjonelt bilde av ein sykkel. Her har eg teke bilde av ei trøe på ein sykkel. Eg har brukt stor blenderåpning  for å få fram detaljane i trøa. Kanten på trøa lagar ei skrålinje som skapar spenning i bildet. Lyset er hardt, og lagar store kontrastar mellom lys og skugge, trøa og bakgrunnen. Bildet er ikkje redigert, og eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Lukker: 1/60, Blender: f/9,0, ISO: 100

Ideen med dette bildet var også å ta eit utradisjonelt bilde av ein sykkel, der detaljar er i fokus. Bildet er eit utsnitt av kjettingen på sykkelen. Kjettingen, og den røde stanga i bakgrunnen lagar skrålinjer i bildet som skapar spenning. Det stor kontrast mellom den mørke kjettingen, den røde stanga, og det lyse tannhjulet. Lyset er klart og lagar skuggar frå kjettingen på tannhjulet. Eg har beskjært bildet for å gjera det meir interessant og dramatisk. Eg har lært at detaljar og utsnitt kan vera like/ og kanskje meir spanande som/enn sjølve sykkelen. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D. 

Fem kategorier: Rom


Lukker: 1/60, Blender: f/11,0, ISO: 100


Ideen med bildet var å ha noko i forgrunnen med stor kontrast til bakgrunnen, for å skapa rom i bildet. Treet i forgrunnen kjem inn i bildet frå venstre og lagar spenning i bildet med skrålinjer. Lyset er jevnt fordelt i bildet, men lite lys på treet. Eg har redigert litt på kontrastane i Bridge. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D. Eg har lært at kontrastar skapar rom og dybde i eit bilde.

Lukker: 1/60, Blender: f/11.0, ISO: 100

Ideen med bildet var ein veg som forsvinn inn i bildet. Trea ved vegen framhevar perspektivet, og perspektivet skapar rom og dybde i bildet. Bilde er sentrert og teke i forskeperspektiv slik at det skapar ein illusjon av ein står på vegen. Lyset kjem frå høgre og er strekt og klart. Eg har lært at ulike perspektiv kan gjera stor forskjell i bilde med same motiv. Eg har redigert litt på kontrastane i Bridge. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

5. april 2011

RAW

Me har lært korleis ein brukar Adobe Bridge. RAW er ei fil der all informasjon om eit bilde er lagra, og ein kan då redigera bilde betre. RAW ligg i Bridge, og for å opna bildet i RAW må ein velga bilde og trykka "cmd" "4". Nedanfor har eg redigert eit bilde av Vilde, der eg har justert på kontrastane i "curves" og fargane i "saturation".


31. mars 2011

Svartkvit portrett

Idag har me arbeida med å redigera portrett svartkvit i photoshop. Ein må fyrst velga "gradient map" i "image", og deretter enda kontrastane i "Curves". Me har og besjært bilda med "Crop tool", for å gjera dei meir dramatiske.

Original Bilde 
Redigert bilde

Original bilde

Redigert bilde

Reflektor

Idag har me lært å bruka reflektor. Ein bruker reflektor for å reflekera og kontrollera lyset. Med ein gullreflektor reflekterar det varme lyset, medan ein sølvreflektor reflekterar det kalde. Ein kan også bruka filter, som fordelar lyset og får ikkje klare, harde skyggar.

Gullreflektor:
Utan

Med
Sølvreflektor:
Utan

Med
Filter:
Med

Utan