28. april 2011

Fem kategorier: Sykkel


Lukker: 1/60, Blender: f/11,0, ISO: 100


Ideen med bildet var å ta eit utradisjonelt bilde av ein sykkel. Her har eg teke bilde av ei trøe på ein sykkel. Eg har brukt stor blenderåpning  for å få fram detaljane i trøa. Kanten på trøa lagar ei skrålinje som skapar spenning i bildet. Lyset er hardt, og lagar store kontrastar mellom lys og skugge, trøa og bakgrunnen. Bildet er ikkje redigert, og eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Lukker: 1/60, Blender: f/9,0, ISO: 100

Ideen med dette bildet var også å ta eit utradisjonelt bilde av ein sykkel, der detaljar er i fokus. Bildet er eit utsnitt av kjettingen på sykkelen. Kjettingen, og den røde stanga i bakgrunnen lagar skrålinjer i bildet som skapar spenning. Det stor kontrast mellom den mørke kjettingen, den røde stanga, og det lyse tannhjulet. Lyset er klart og lagar skuggar frå kjettingen på tannhjulet. Eg har beskjært bildet for å gjera det meir interessant og dramatisk. Eg har lært at detaljar og utsnitt kan vera like/ og kanskje meir spanande som/enn sjølve sykkelen. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar