28. april 2011

Fem kategorier: Rom


Lukker: 1/60, Blender: f/11,0, ISO: 100


Ideen med bildet var å ha noko i forgrunnen med stor kontrast til bakgrunnen, for å skapa rom i bildet. Treet i forgrunnen kjem inn i bildet frå venstre og lagar spenning i bildet med skrålinjer. Lyset er jevnt fordelt i bildet, men lite lys på treet. Eg har redigert litt på kontrastane i Bridge. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D. Eg har lært at kontrastar skapar rom og dybde i eit bilde.

Lukker: 1/60, Blender: f/11.0, ISO: 100

Ideen med bildet var ein veg som forsvinn inn i bildet. Trea ved vegen framhevar perspektivet, og perspektivet skapar rom og dybde i bildet. Bilde er sentrert og teke i forskeperspektiv slik at det skapar ein illusjon av ein står på vegen. Lyset kjem frå høgre og er strekt og klart. Eg har lært at ulike perspektiv kan gjera stor forskjell i bilde med same motiv. Eg har redigert litt på kontrastane i Bridge. Kameraet eg har brukt er Canon EOS 450D.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar