28. april 2011

Fem kategorier: Portrett


Lukker: 1/100, Blender: f/5,6, ISO: 200
Ideen var å ta eit naturleg bilde av Gerd Marie i naturen. Eg likar at vinden er sterk og bles i håret og lagar spenning i bildet, sidan bildet i utgangspunktet har eit roleg uttrykk. Hovudet hennar er plassert i det gyldne snitt. Lyset er mjukt og lagar ingen klare skuggar i andletet hennar. Bildet er ikkje redigert, og eg har brukt kameraet Canon EOS 450D.

Lukker: 1/80, Blender: f/18,0, ISO: 100


Ideen med bildet var eit utradisjonelt portrett der særtrekk ved personen kjem fram, her at mormor likar kaffi. Lyset er sterkt, kjem frå venstre og lagar stor kontrastar i bildet. Auga er plassert i det gyldne snitt. Eg har redigert bildet svartkvit, og redigert auga lysare med ”dodge tool” i photoshop. Eg har lært at ikkje alle er like komfortable framfor kamera, og at det kan hjelpe å ta bilde når personen ikkje er heilt forberedt på det. 

Originalt bilde


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar