26. mai 2011

Sluttinnlegg

Dette er det siste innlegget frå meg i fagte foto. Foto har vore eit kjekt fag, eg har lært mykje og har mykje å ta med meg vidare. 

Takk for meg!


24. mai 2011

Oppsummering av faget Foto

Foto: Eg syns foto er eit kjekt fag. Det har vore kjekt å læra seg å bruka kamerat, som ein får god bruk for. Me har lært å redigera i photoshop, iPhoto og Bridge, noko som kjem godt med når ein kjenner mange linselus. Me har lært om komposisjon for å få betre bilete, og å få fram det uttrykket ein vil ha. 


Blogging: Det å bruka blogg som "arbeidsbok" er ein god arbeidsmetode. Me lærar om blogg og korleis ein bloggar, og eg har lært at layout spelar ein viktig rolle i blogging og i forhold til foto. Sidan det er fotoa som skal vera i fokus er det best med ein ein enkel layout som ikkje forstyrrer bileta.


Arbeidsmetoder: Me har brukt mange ulike arbeidsmetodar i faget foto. Me har teke bilde sjølv, redigert bilde, vore på ekskursjonar, og hatt undervisning.

Bokomslag Layout

Nedanfor er det bokomslaget eg valgte. Bokomslaget er er til ein kjærleiks-roman, ikkje ein typisk kjærleiks-roman, men ein trist og mystisk roman. Bilete er av ein vissen blomst som forsterkar dette uttrykket. Dette var ei videre utvikling av andre forslag, der eg brukte den typografien eg var mest fornøgd med og det bilete eg likte best. Eg liker godt uttrykket i bildet saman med typografien som gjer eit litt trist og mystisk men roleg uttrykk. "Blomsten" er i det gyldne snitt, og det er stor kontrast mellom den og bakgrunnen. Typografien eg har valgt er Goudy Old Style, det er ei fin, stram antikva-skrift med seriffar. Eg har brukt bagrunnsfargen frå bilete som bakrunnsfarge på bokomstaget, dette blir meir heilheitleg.



Her er nokre andre forslag: